Kontakt oss - Gloppen Trafikkskule AS

Kontakt oss

Gloppen Trafikkskule AS

Gloppen Trafikkskule AS

Gloppen Trafikkskule vart etablert av Jan Bjørlo i 1980. Våre lokaler er plassert i hjarte av Sandane, Nordstrandsvegen 13.
I dag er vi 4 trafikklærere som alle har ein visjon om at du som elev skal få den nødvendige kompetansen slik at du føler deg trygg ute på vegen. Vi tilbyr opplæring i trafikalt grunnkurs, bil (automat og manuelt gir), bil og henger.

Jan Bjørlo har jobba som trafikklærer sidan 1974, og har tileggsutdanning som spesialpedagog. Han begynte si kariere i Oslo, før han videre flytta heim til nordfjord og jobba som trafikklærer her sidan.

Knut Ove Bjørlo, son av Jan, var ferdig utdanna trafikklærer i 2006, og har sidan jobba hjå Gloppen Trafikkskule. Han har det faglige ansvaret for hengeropplæringa ved trafikkskulen, i tillegg til å drive med opplæring på bil.

Malena Skår var ferdig utdanna trafikklærer i 2016, frå Nord universitet ved Stjørdal. Ho har jobba på trafikkskule sidan med opplæring i bil, bil og henger og trafikalt grunnkurs.

Stein-Even Vereide kom heim til bygda som ferdig utdanna trafikklærer i 2021, også frå Nord universitetet. Med sitt engasjement for trafikksikkerhet driv han opplæring i trafikalt grunnkurs og bil.

Ta kontakt